Vinskvetten 50 år
Vinskvetten 50 år – bortreist på dagen
Det er ei stor gleda å ynskja velkomen til ei heidundrande bursdagsfeiring av Vinskvetten i Grieghallen. Vinskvetten har fått vestlendingar til å gapskratta i 50 år. Vi kan lova gjensyn med høgdepunkt frå ei lang og innhaldsrik karriere. Ekstra kjekt er det at Arild Totland (Belbert) og Jarle Farestveit (Halvstein) er tilbake, og at Vinskvetten dermed er komplett. Vi får besøk av gjesteartistar og kan by på eit utvida orkester under leiing av Gunnar Bjelland. Med seg på laget har dei óg fått regi-ringreven, Arvid Ones.